Om det å google Helen Marten

Publisert under Kunstformidling 02.04.2017, 17:38 av Marius Moldvær med

Den britiske kunstnaren Helen Marten vart tildelt den prestisjefulle Turner Prize 2016. For tiden kan du oppleve to av Martens verk i samlingsutstillinga The World is Made of Stories på Astrup Fearnley Museet.

«I suppose I'm trying to upset the expected rhythm of daily circumstances»
- Helen Marten i Interview Magazine

Når ein vert stilt ovanfor Helen Martens verk, lar auga gli over gjenstandar som er både kjente og framande, vakre og stygge, handlaga og masseproduserte, so kan ein spørre seg: kva bind desse objekta saman? Kvifor skal ein sjå på akkurat desse objekta som ein kropp? Svaret ligg i forholdet mellom ord, bilete og ja, det å google.

Du skal finne eit bilete, eit fotografi eller ein illustrasjon som kan nyttast til ein invitasjon, ein sint lapp eller ein Mem, og for å finne det perfekte bildete for akkurat dette so googlar du berre ordet «kjøleskap». Det sekundet du trykkjer søk tilverkar Google eit vell av bilete – både amatørmessige og profesjonelle, teikningar, GIFar, etc. Men jo lengre du går nedover søkeresultata, jo meir brytast dei monotone, deskriptive bileta av kjøleskap med bildete av hus, ketsjup, kjøttkaker, lego, ein katt og ein babyapekatt som rir på ein gris. Alle desse bileta, denne utrulege mengden med visuell informasjon stammer frå det enkle søket på ordet «kjøleskap». Og, viss du finn Helen Martens verk forvirrande er det kanskje avdi det gir ein kropp, eit uttrykk og ein samanheng til ei uendeleg linje av bilder. I Martens verk er det ei samling med objekt og historiar som ikkje følgjer ein klassisk og kjent logikk, men heller ein kompleks logaritme i Googles søkemotor.

I Martens verk vert ein stilt ovanfor det Boris Groys diskuterer i essayet Google: Words Beyond Grammar, Documenta (13): 100 notes-100 thoughts, som er det at språkets struktur, syntaks og oppbygging brytast i Googles logaritmer. Dersom du søkjer på ein setning er det ikkje nødvendigvis ordas relasjon til kvarandre som bestemmer søkeresultata, men heller visse ord sine gjentakingar i ein gitt kontekst. Gjennom denne måten å sortere søkeresultat på forandrar Google heile måten vi forstår språkets funksjon og korleis det opptrer i ein gitt kontekst, som Boris Groys kommenterer i høve til Googles poetiske potensial i Google: Words Beyond Grammar: «Really exisiting’ Google can only be criticised from the poetic perspective of what can be called an utopian Google – a Google that embodies the concept of equality and freedom for all words.» Det Boris Groys seier her er at Google har begrensningar, og i den begrensinga minskes fridomen til ord, tekst og til slutt, deg. Vår forståing av ord, setningar og avsnitt går ut frå eit grammatisk system der ord i høve til dette systemet vil gi det betydning, men gjennom Googles logaritmer vert denne forståinga brutt ved at Google opererer som ein sjølvstendig språkmaskin som ikkje stiller seg til dette systemet. På same måte opptrer også billedsøka, der ordet du skriv og bildeta som visast ikkje opererer i eit ord–til-bilde-system som du er vand med.

Det er denne samanstillinga som strekker seg utanfor våre vande idear om språk og bildete som Helen Marten viser oss i sine verk. Det som først står fram som ein eklektisk samling av materiale og objekt begynner å få ein betydning når dei settes saman i Martens verk, der kvart objekt sin eigenart er forsterka samtidig som samanstillinga krev av deg som tilskodar ein logikk som du kjenner igjen, men som ligg utanfor språket og bileta sin logikk.

Martens verk omhandlar språk, den ulogiske koblinga mellom ord og objekt, og korleis denne samanhengen ytterlegare mystifiseres gjennom den språklege revolusjonen som går føre seg gjennom nye medium som Google. Martens arbeid er ein leik i algoritmer og idear, der du som tilskodar vert konfrontert med din eigen bruk av språk, din forståing av sambandet mellom ord og bildete, og deira nye, teknologiske hierarki.

blog comments powered by Disqus

Besøksaddresse: Strandpromenaden 2, 0252 Oslo

© Astrup Fearnley Museet