Der kunst puster, eter, lever og søv: Det omkringliggande i Louise Lawlers virke

Publisert under Generelt, Kunstformidling 25.06.2017, 16:37 av Marius Moldvær med

«The work can never be determined just by what I do or say. It's comprehension is facilitated by the works of other artists and critics and just what's going on at the time.» Louise Lawler, Prominence Given, Authority Taken: An Interview with Louise Lawler by Douglas Crimp.

Me står i ei heilt vanleg stove; det er eit salongbord der, ein sofa, sittemerke i puter og riper i mahogny som vitnar om eit liv levd mellom desse fire veggene. Men, i denne stova, ved den eine veggen, ved sidan av alt det daglegdagse, står ein skulptur av Jeff Koons, ein av dei meir gjenkjennelege omformingar av ei leikekanin i metal, glossy, blank og ein skulptur du kunne sett i eit museum i Versailles eller eit high-end, kommersielt galleri. Me står ikkje lengre i denne stova, men me fabulerer over eit fotografi av den anerkjende kunstnaren Luoise Lawler som er mest kjend for sine fotografiske arbeid som visar kunsten utanfor konteksten me er kjend med den i: det er i leilegheiter, hus, stover, over kjøkkenbord, på auksjonar og i installeringsprosessar. Når du ser eit kunstverk i eit museum eller i eit galleri er dets status som kunst sjølvklar når det er institusjonen sine vegger som omringar den. Det same kunstverket i ein leilegheit er framleis kunst, men dens status som kunst er ikkje gitt av veggen den heng på. Kunstverket på auksjon er kunst, men den er også gitt økonomiske rammer og ein verdi i pengar som visar til kunsten utanfor ein rein kunstkontekst. Gjennom å oppsøkje og dokumentere kunstverk i ulike kontekster utanfor institusjonar gir Luoise Lawlers fotografi eit grunnlag for undring om korleis me ser og forstår kva kunst er for noko.

Gjennom ein førti år lang karriere har Lawler kontinuerleg utfordra korleis me forstår kunstverk ut frå konteksten det oppheld seg i, der rommet rundt, etikettar, og det sosiale rommet som omgir kunstverket gir det ein lesnad som utvidar og utfordrar den forståinga me har av kunst. Lawler har fotografert verk på auksjon, i installeringsprosessen, i offentlige og private samlingar, samt heime hos privatpersonar. Men, Lawler sitt virke omfattar også reine tekstbaserte verk, samt installasjonar der ho blant anna låner inn verk som ho stiller ut, og gjennom å setje verket inn i ein ukjend og uvand kontekst forandrar ho verket sin meining. Denne strategien nyttar Lawler seg av allerede i ei av sine første utstillingar, eit bidrag til ei gruppeutstilling i Tribeca NYC, der ho lånte eit eldre oljemaleri av ein veddeløpshest og stilte spotlightene mot publikum i staden for verket. Med dette enkle grepet vart då tilskodarane det utstilte, og spottene lyste også ut av vindauget frå andre etasje og projiserte skygga til de besøkjande ut i byrommet slik at byrommet og menneska i det vart ein del av eit kunstnerdreven visningsrom som hovudsakleg vart besøkt av yngre kunstnarar og vice versa.

Du er tilbake i stova, nei, du står i eit rom i eit museum og ser på eit fotografi av stova, du ser vidare på eit fotografi av ein etikett for eit verk der styremedlemer, organisasjonar og stad er jamnstilt med namnet på kunstnaren. Når du ser på fotografiet so gjenkjennar du det som kunst grunna konteksten det oppheld seg i – gallerirommet – men du blir også utfordra på kva posisjon verka som er avfotografert har; korleis det skiller seg frå det verket du står føre og korleis konteksten det oppheld seg i vert avgjerande for tydinga til verket. Det er her Lawler skrivar seg inn i ein tradisjon som ikkje kun høyrer til fotografi og det appropeierte, men like mykje – til tider meir – ein museumskritikk som skrivar seg tilbake til 1970-tallet om kva som definerer kunst og kva krefter som ligg bak denne definisjonsmakta; det være politiske, økonomiske eller reint personlege interesser.

Du er no tilbake i leilegheita, du står foran skulpturen som verkar nesten utilpass ved siden av alt det kvardagslege, det du omringar deg med og nytter kvar dag, men likevel veit du at dette er eit kunstverk, eit verdifullt kunstverk av ein verdenskjend kunstnar. So kvifor stille spørsmål om det? Kan det ha med konteksten den står i? Det omkringliggjande? Det daglegdagse?

blog comments powered by Disqus

Besøksaddresse: Strandpromenaden 2, 0252 Oslo

© Astrup Fearnley Museet