Minnet er ein trulaus jævel


Skrevet av Lars Ove Seljestad

Det første møtet mitt med Anselm Kiefers kunst er i mai 1997 på samtidskunstmuseet Weserburg i Bremen.

            Eg kan lukta kunstverket lenge før eg ser det. Lukta av forfall, organisk materiale som rotnar. Eimen av gammalt støv, sorg og smerte fyller det store rommet.

            Den nedstøva, amerikanske horehusbaren, truleg frå Berlin like etter den andre verdskrigen, står der og stinkar forfall og overgrep: Den velfødde bordellmammaen med det nakne, glisande krokodillekraniet til andlet. Den vesle, svarte tenesteguten som rettar fram armen med den kvite nattkjolen. Hora som sitt skrevande på golvet med avkledd underliv og ryggen støtta mot veggen. Den kvite hora som sitt i stolen og ser på publikum med eit grotesk smil og eit barneskjelett dinglande frå ei snor rundt låret. Den grønaktige hora som ligg på rygg på eit symaskinstativ medan ei rotte et seg ut av det eine brystet hennar.

            Stanken av normalitet: Tjukke arabiske teppe på golvet, ei kort, amerikansk uniformsjakke på stumtenaren, fruktfat på bordet, ein grøn, polstra sofa, lenestolar, ein glitrande jukeboks, bilde på veggane. Stålamper og bordlamper som kastar eit alderdommeleg, gult lys over det heile.

 

Stundom i livet er ein så heldig å møta eit kunstverk som treffer ein på eit særleg vis. Det er ikkje sikkert at ein kan setta ord på kva det er som skjer i dette møtet. Og likevel, eller kanskje nettopp derfor, skakar det noe i ein. Noe blir sett i rørsle. Noe begynner å flytta seg. Noe begynner å arbeida i ein. Noe blir til noe anna.

            Det er slik mitt første møte med Anselm Kiefers kunst er. Den fyller meg med uro, vekker ubehag, får meg til å føla og tenka. Stilla spørsmål. Det er ei ekte kunsterfaring.

            Difor kjem eg fleire gonger tilbake til dette kunstverket. Eg vil kjenna om eg opplever det same som eg gjorde den første gongen dette kunstverket trefte meg.

            Eg veit jo godt kor bordellbaren er mellom dei mange samlingane, utstillingane og etasjane i Weserburg. Har mi faste rute, vil komma på den slik som den aller første gongen; opp i etasjane, forbi good cop/bad cop, luktar meg rundt hjørna, kastar blikket til høgre. Og så er dei der – alle dei skadde og vanskapte individa i den brune, stivna baren med den vonde lukta av sjukdom og nederlag.

            Til baren ein dag er borte.

            Eg går tilbake i ruta mi. Prøver på ny. Tenker at eg må ha gått feil i alle heil- og halvetasjane i Weserburg. Leitar på nye stader, byttar etasje. Prøver å finna fram til ei informasjonstavle som kan fortella meg kor museet har flytt kunstverket som eg er kommen for å sjå.

            Til sist gir eg opp. Eg finn det ikkje. Den amerikanske baren har løyst seg opp og blitt til luft.

            Skuffa går eg nedover i etasjane mot vestibylen. Gidd ikkje å sjå på dei andre samlingane.

            På veg ut tar eg mot til meg. Går bort til vakta som sitt i resepsjonen og spør kor det er blitt av den amerikanske baren.

            Den er seld til eit anna museum, svarar han.

 

I førebuingane til teksten eg har tatt på meg å skriva om møtet mitt med Anselm Kiefers Ladder to the Sky, tenker eg at eg vil innleia med å skriva om dette pregande første møtet i Bremen. Difor googlar eg Anselm Kiefer og Roxy, som eg meiner er namnet på kunstverket. Utan å få treff.

            Heller ikkje når eg søker individuelt på Anselm Kiefer eller Roxy, får eg opp noe som kan minna om det kunstverket eg har sett.

            Det er som om dette kunstverket ikkje eksisterer.

            Dette verket som eg har sett fleire gonger, som eg har fortalt om til fleire, og som er blitt mitt kunstverk, mi fortelling om eit kunstverk som har ramma meg, er ikkje lenger å finna. Det har løyst seg opp både på kunstmuseet i Bremen og i internettets informasjonsvrimmel.

 

Etter at eg har skrive ferdig og framført diktet som spring ut av møtet mitt  med  Anselm Kiefers Ladder to the Sky, får eg ein ny ide. Eg droppar den generelle googlinga i verdensveven og søker etter Anselm Kiefer og Roxy på heimesida til Weserburg.

            Og endå ein gong blir eg rysta av kunstverket Roxys.

            Minnet mitt har, etter at Roxys blei seld frå Weserburg, av grunnar eg ikkje kjenner til, fletta saman Anselm Kiefer og Edward Kienholz.

            I årevis har eg fortalt om mitt første møte med Anselm Kiefers kunst på kunstmuseet i Bremen i 1997. Eg har skildra den amerikanske horehusbaren med stor innleving og detaljrikdom; lukta, figurane, innreiinga. Korleis dette kunstverket har verka på meg. Korleis eg stadig har komme tilbake til det. Korleis det har blitt mitt kunstverk.

            Minnet er verkeleg ein trulaus jævel.

Besøksaddresse: Strandpromenaden 2, 0252 Oslo

© Astrup Fearnley Museet